News

Подписаться на RSS

Популярные теги Все теги

IKON - RELIGION I RUSSISK SAMTIDSKUNST

Hå gamle prestegard June 2016 / August 2016


Group Exhibition


Dmitry Vrubel & Victoria Timofeeva, Pavel Brat, Dmitry Gutov, Nikolai Makarov, Arsen Savadov, Gor Chahal, Olga Tobreluts, Blue Noses (Aleksandr Shaburon, Vyacheslav Mizin), Recycle (Andrei Blokhin, Georgy Kuznetsov), Andriy Bazyuta, Oleg Kulik.

Deltakarane i utstillinga IKON er kunstnarar og kunstnargrupper frå Russland og Ukraina. Kunstnarane nyttar religion som motiv i sin kunst både ved å referere til klassiske ikon frå russisk-ortodoks kristen tradisjon, klassisk gresk mytologi, samt verdslege ikon frå populærkulturen. Fleire av kunstnarane i utstillinga er anerkjente, somme òg kontroversielle. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har den russiske offentligheita, både politisk og religiøst, gått i ei meir konservativ retning. Berre det å nytte forma ikon i samtidskunsten blir for mange oppfatta som ein provokasjon. Med religion og ikon som tema ønskjer Hå gamle prestegard og kurator Marat Gelman å opne for dialog mellom kunst og religion og utfordre vår oppfatting av, og forhold til, ikon og førebilete. I perioden juni til august vil det være arrangement som tek opp tema rundt dette.


Ein del av utstillinga føregår i ein av bunkersane på Obrestad fyr. Her syner Andriy Bazyuta prosjektet Bunker of Mysteries. Her har kunstnaren teke utgangspunkt i Knut Hamsun si bok Mysterier. Resultatet er ein interaktiv 3D projeksjon der publikum blir invitert til å vera med å påverke opplevinga av verket.


Kurator: Marat Gelman.

Utstillinga står til 28. august.

Arrangement og utstilling i samband med IKON er støtta av Fritt ord.


© Foto by Asle Haukland


link